Fortset med kultiveringsarbeidet

Ny generasjon laks

I løpet av våren skal 100.000 lakseynglar frå klekkeriet i Husøyna ut i Korsbrekkeelva. Her skal dei få vekse seg store før dei søker til djupare farvatn

Plommesekkyngel av laks har i vinter vokse seg store nok til å bli sett ut i elva.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

I fjor haust vart stamfisk teken på land, mjøle og rogn startar utviklinga til lakseyngel. Sidan då har ein ny generasjon laks vokse opp og skal etter kvart settast ut i elv og sideelvar. Fylkesmannen har gitt løyve til å sette ut 100.00 plommesekkyngel i elva.