Fylkesmannen:

Villfisk sårbar i Storfjorden

Ewos Innovation AS har førebels fått tommelen ned for ein konsesjon for Forsking og utvikling (FOU) ved Overåneset og Vindsneset.

Dei raude prikkane syner at fleire av elvane i Storfjorden er registrert som sårbare. Fylkesmannen frårår at det blir gitt FOU-konsesjon til Ewos AS.  Foto: Vitenskapleg råd for lakseforvaltning

Nyhende

Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som i eit brev til fylkeskommunen sterkt rår i frå konsesjonen etter akvakulturlova og grunngjev det med forventa auka skadar på laks- og sjøaurestammane i i Storfjorden, men også lenger utover i fjordsystemet.