Ekstraordinært

Stranda kan nytte "krigskasse" mot korona

Stranda kommune vurderer å opne "krigskassa", eit fond til heilt ekstraordinære tiltak.

Nokre av dei som tok del under møtet i Geiranger som handla om handtering av korona-krisa. Frå venstre: Ordførar Jan Ove Tryggestad, kommuneoverlege Arne Gotteberg, direktør verdsarvstiftinga, Katrin Blomvik, direktør Sindre Mjelva, Monja Mjelva og Geir Gjørva.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

- Vi har pengar på bok, men desse er ikkje nok til generelle tiltak som følgje av koronakrisa. Dei kan berre nyttast til einskildtiltak og i helt spesielle tilfelle, sa ordførar Jan Ove Tryggestad, då han møtte næringslivet i Geiranger sist fredag. Den mannsterke forsamlinga i den ei elles så tome og nesten spøkelsesaktige salane i Hotel Union Geiranger, la eit sterkt press på kommunen om å gjere noko i den akutte situasjonen den vesle bygda er inne i.