Stafett i ny utgåve

Sprang saman, kvar for seg

I snart 30 år har barn og unge over heile landet delteke i Tinestafetten. I år var stafetten ikkje stafett

I årets utgåve av Tinestafetten sprang kvar og ein så langt vedkomande ønska. I år var det ikkje stafett. Frå venstre: Oskar Ringdal, Kristin Langeland, Sofie Kjellstad og Marthe Hjellbakk Hole.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

På Hellesylt stadion samla elevane på mellomsteget ved Sunnylven skule seg til dyst. Med minst ein meters avstand var målet å springe 200 meter eller meir i årets utgåve av Tinestafetten. Vanlegvis er Stranda stadion samlingspunkt der fleire skular i kommunen spring stafetten.