NVE

Stort sannsyn for stor vårflaum i sør og nord

  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Det er framleis stort sannsyn for stor vårflaum i Nord-Noreg og delar av Sør-Noreg, ifølgje varslingstenesta varsom.no.

Snøvêret og låge temperaturar har auka sannsynet, og snøsmeltinga blir venta å kome i gang i heile landet frå midten av komande veke på grunn av stigande temperaturar, heiter det i analyse n frå Varsom.

Sannsynet for stor vårflaum er på 95 prosent i Nord-Noreg. Stor vårflaum er på oransje nivå som tyder ein flaum som kan medføre alvorlege skadar.