Både jerve- og ulvekull var over bestandsmålet i 2019

  Foto: Colorbox

Nyhende

Rovdata si innsamling av kull frå jerv, ulv, bjørn og gaupe tyder at fleire av artane fødde fleire ungar enn kva som er i det nasjonale bestandsmålet.

Kvart år jamfører Rovdata bestandsstatus for dei fire store rovdyra gaupe, jerv, brunbjørn og ulv i eit brev til Miljødirektoratet.

Stortinget har bestemt eit nasjonalt bestandsmål på 39 årlege jervekull, 13 årlege bjørnekull, 4-6 årlege ulvekull (der minst tre skal vakse opp i heilnorske revir) og 65 årlege familiegrupper av gaupe.

For 2019 blei det registrert 62 jervekull i landet, som er over nasjonalt bestandsmål. Ni av kulla frå 2019 blei teke ut med hiuttak.

Rovdata estimerer at det blei fødd sju bjørnekull i 2019 og 8,5 ulvekull.

Tala for gaupegrupper var ikkje klare, ifølgje Rovdata.no.