Fjordcruise til ferja startar

Rute mellom Geiranger og Hellesylt

Turistferja mellom Geiranger og Hellesylt startar opp 12. juni.

Fjordcruise: Samarbeid mellom Geiranger Fjordservice og The FJords om cruise på Geirangerfjorden. Arkivfoto  Foto: Geirang Fjordservice

Nyhende

Før den tid kan eit fjordcruise om bord på MS Geirangerfjord vere løysinga.

Pinsehelga og fyrste helg i juni samarbeider Geiranger Fjordservice og The Fjords om å tilby reisande eit alternativ mellom Geiranger og Hellesylt.

Stopp på Hellesylt og Skagehola må bookast på Geiranger Fjordservice sine nettsider. Det blir gjennomført to daglege rundreiser dei gjeldande dagane.