Knust sju vindauge

Stort skadeverk på gardsløe

I Hevsdalsvegen har det i tida mellom 19. mai og 24. mai blitt gjort skadeverk på ei gardsløe
Nyhende

Sju doble vindauge er knust på sidene vendt vekk frå bustadhuset. Eigaren av løa var bortreist i dette tidsrommet og oppdaga skadane søndag ved heimkomst.

Ho kontakta nevøen, Arild Vadset, som melde saka til politiet. Han meiner det er trist og unødig at slikt skadeverk blir gjort.

Bygninga er frå tidleg 50-tal og vindauga er originale og tradisjonsrike kittvindauge.

Inne i løa ligg det fleire stein som vitnar om skadeverket. Den største av dei var mellom 15 og 20 centimeter på det lengste.

Politiet har foreløpig ikkje vore mogleg å nå for ein uttale.