UKM i ny drakt

Digitale løysingar

Ung Kultur Møtes, og det skulle dei gjort til fylkesmønstring i månadsskiftet april-mai. Korona endra det heile

Grønn Safari med eit av dei 18 musikkinnslaga under årets UKM i STranda.   Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Over heile landet har ungdom vore samla for å vise fram sine talent. I Stranda var den lokale mønstringa i starten av februar. Ei dansegruppe, nær tretti musikarar og ni kunstnarar synte fram sine talent i håp om å nå fram til fylkesmønstringa som fyrste steg vidare. Fylkesfestivalen skulle ha vore i mai, og den nasjonale UKM-festivalen skulle vere i juni.

Digitale løysingar

Korona endra alle planar. UKM-nettverket måtte tenke nytt og ut av det kom kunstutstillingar, konsertar, forestillingar og kurs digitalt på nett.

– Det vil vere aktivitet utover heile hausten i staden for ei valt helg, seier Hanne Tømmervåg, produsent, UKM Fylkesfestival Møre og Romsdal.

– Det blir arrangert digitale workshops innanfor ulike uttrykk og digital scene, mellom anna, fortel Tømmervåg.

Kommunen sine representantar

Dei ulike aktivitetane blir stort sett opne for ungdommar generelt, men nokre av aktivitetane blir for ungdommane som vert vidaresendt frå kvar enkelt kommune.

Kven som blir sendt vidare frå dei ulike kommunane og får vere med på den digitale scenen blir klart over sommaren.

– Kommunane som har gjennomført lokalt arrangement har nominert deltakarar, men vi må sjå på kva slags kapasitet vi får på den digitale scenen før vi vidaresender, seier Tømmervåg

Digitale arrangement

Blant aktivitetane som er gjort til no er Live med UKM, kunstikarantene.no og koronapåske.no der deltakarar har vist fram kreativitet gjennom små videosnuttar. Sykkylven IL E-sport går vidare frå fylket i Norgescupen E-sport Rocket league, ein annan aktivitet gjennom UKM.