Personar delvis utan arbeid aukar

Færre utan arbeid

Talet på personar heilt utan arbeid på veg ned medan talet på delvis ledige aukar.

Arbeidsløysa: Arbeidsmarknad-statistikken frå NAV for mai månad syner nedgang i arbeidsløysa. Arkivfoto  Foto: Colorbox

Nyhende

I NAV sin statistikk for mai kjem det fram at 175 personar står heilt utan arbeid i Stranda kommune. Det er ein nedgang frå april på 25 prosent. Om ein samanliknar med februar er det likevel meir enn tredobla. Talet på delvis ledige er nesten like høgt. I Stranda er det 162 delvis ledige og dette er ei auke på 30,6 prosent frå april.