Eirik Osborg Kvammen har fått napp tjue minutt ut i årets fiskesesong. Eit kvarter seinare var holaksen på land. Foto: Eivind Louis Helset

Sju hundre meter saman

Klokka viser 03.30. Det er ein halvtime til dei fyrste slukane blir testa i Korsbrekkelva. Ute sit fleire dompappar og tek ein tidleg frokost. For meg vart det berre ein banan, det er for tidleg.