Cruiseskip og Hurtigruten til Geiranger

Trafikk på fjorden igjen

Tre månader etter at fyrste cruiseskipet skulle kome til Geiranger kjem luksusskipet SeaDream inn fjorden 22.juni

Hurtigruten startar sine anløp til Geiranger 17. juni. MS Polarlys blir å sjå i august. Arkivfoto 

Nyhende

Tre månader etter at fyrste cruiseskipet skulle kome til Geiranger kjem luksusskipet SeaDream inn fjorden 22. juni.

Det er selskapet SeaDream Yacht Club som sel cruise til norske turistar.

– Salet opna førre torsdag og det fyrste cruiset er allereie fullteikna, seier Jannicke Rognstad som er salsdirektør hjå SeaDream Yacht Club.

Noregscruise

Selskapet opererer med to ulike noregscruise. Frå Bergen til Oslo 20. juni, og Oslo til Tromsø/Tromsø til Oslo frå slutten av juni til tidleg i september. Bergen til Oslo er eit cruise på sju dagar og ein minstepris på 19.000 kroner. Oslo til Tromsø er eit 12 dagars cruise med anløp i Olden og Ålesund før og etter Geiranger. Totalt skal reiarlaget ha ni seglingar i løpet av sommaren.

Om bord i skipa er det plass til 112 gjestar og det er 95 personar som arbeider om bord. For gjesten er det meste inkludert, alle har utvendig lugar. Golf simulator, brettspel og bøker er noko av det gjestane kan bruke tida på om bord på skipet.

Hurtigruten

Også Hurtigruten startar opp sine seglingar til Geiranger. 17. juni kjem det fyrste av Hurtigruten sine skip, MS Finnmarken. Fram til august blir det to til tre anløp kvar veke. Det er hurtigruteskipa MS Finnmarken, MS Richard With, MS Midnatsol og MS Trollfjord som står for trafikken denne perioden. Frå 2. august til og med 1. september har Hurtigruten daglege anløp til Geiranger.

I tillegg blir ekspedisjonsskipet til Hurtigruten, MS Fridtjof Nansen å sjå nokre gongar i løpet av sommaren.

– Per no er det desse skipa som kjem til Geiranger, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak på telefon.

Plass til småbåtar

Hamnesjefen fortel vidare at cruiseterminalen i Geiranger i sommar foreløpig er avmeldt som ISPS-hamn. I samarbeid med Geiranger Marina har dei opna cruiseterminalen for småbåtar.

At cruisetrafikken igjen opnar i Geiranger er ein god nyhende for mange.

I ei pressemelding skriv Stranda hamnevesen at;

– For Stranda hamnevesen, Stranda kommune og reiselivet er dette ei gledeleg nyhende og ei kjærkomen inntekt i ei tid då mange er råka i samband med koronakrisa.