Nye medaljer til Martine Sve

Beste resultat uansett klasse

I helga var det endeleg opna for konkurranseskyting etter at alle konkurransar har vore avlyst sidan mars.

Martine Sve skaut på nytt godt i eit nasjonalt skytestemne  Foto: Privat

Frå venstre: Karina Stette, Julie Paulsen Johannesen og Martine Sve  Foto: Foto: Privat

Nyhende

Bærum Masters er eigentleg eit årleg veteranskyttarstemne. I år var det opent for deltaking i alle klasser slik at det vart eit nasjonalt stemne i Matchskyting 50 m internasjonalt program.

Martine Sve skaut årsbeste i 60 skot liggande i juniorklassen laurdag. Poengsummen 622,9 var det beste resultatet uansett klasse i stemnet der fleire av dei beste skyttarane i landet deltok.

Søndag var det heilmatch med 40 skot kneståande, 40 skot liggande og 40 skot ståande. Poengsummen 1157 sikra Sve ei ny medalje, denne gongen i bronse og tredjeplass i konkurransen.