Sivilforsvaret med testmelding

Sivilforsvaret testar tyfonane

I dag, onsdag 10. juni klokka 12.00 går meldinga «Viktig melding – søk informasjon» ut i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg. Dette er ein test.
Nyhende

To gongar i året, i januar og i juni kvart år gjennomfører Sivilforsvaret, som er ein del av Direktoratet for Sikkerhet og Beredskap, test av sine varslingsanlegg.

Signalet sendast i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Signalet betyr at du skal søke informasjon i for eksempel radio, tv, aviser, myndigheitenes nettsider og sosiale medium, melder DSB på sine nettsider.

Sivilforsvaret testar anlegga og vil reparerew dei som ikkje fungerer.

Dagens melding er altså ein test av anlegga.