Sekund for seint

Ferja hadde ikkje tid til å vente

Ferjebommen gjekk ned rett framføre bilen til Kolbein Langlo. Han undrast kvifor ferja ikkje kunne vente nokre sekund.

Ferja frå Gravaneset kunne ikkje vente nokre sekunder før dei la ned bommen sist måndag. Kolbein Langlo måtte dermed vente ein time til neste avgang.   Foto: Arkiv Johan Behrentz

Nyhende

-Vi var fire kameratar i to bilar, som skulle rekke 21.45-ferja frå Liabygda sist måndag. Den først bilen kom av garde litt før meg, og undervegs såg vi at vi kunne bli nokre minutt for sein. Vi ringde difor til den første bilen om dei kunne be ferja vente, seier Kolbein Langlo til Sunnmøringen.