Med naturen som veggar

Inviterer til friluftsgudstenester

I juni blir naturen omgjevnadane rundt friluftsgudstenesta i Moldskreddalen i Sunnylven og verdsarvgudstenesta i Geiranger

Det blir verdsarvgudsteneste på Hausetsetra i Geiranger også i år. Biletet er teke i 2017. Arkivfoto 

Nyhende

Komande søndag kallar Sunnylven kyrkjelyd til gudsteneste på Bygdastøylen i Sunnylvsmoldskreddalen. Fjella kring Bygdastøylen har fleire gongar vore rammene rundt friluftsgudstenestene i Sunnylven.

Det er vikarprest i Sunnylven og Stranda, Kjell-Roger Isene som er liturg. Sjølv om det blir ei enklare gudsteneste blir det både dåp og nattverd, fortel han. Vêrutsiktene er gode så han oppfordrar dei som kjem til å ta med både mat og drikke.

Verdsarvgudsteneste

Søndag om ei veke blir det verdsarvgudsteneste på Hausetsetra i øvre del av Møllsbygda i Geiranger.

– Det er med glede vi inviterer til dette flotte friluftsarrangementet, seier prost i Nordre Sunnmøre prosti, Svein Runde.

Under gudstenesta blir det både korpsmusikk og korsong, bøner og tekstlesing ved born. Sokneprest Per Inge Vik held tale.

Etter gudstenesta informerer Einar Hol om oppgåvene til Verdsarvstiftinga og hamnesjef i Stranda kommune, Rita Berstad Maraak deler refleksjonar om korleis årets cruisesesong påverkar Geiranger.

Nordre Sunnmøre prosti samarbeider med Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv om arrangementet. Dei ønsker alle velkomne til gudstenesta og oppfordrar samtidig om å ta med både niste og sitteunderlag.