Fyrste store skip til Geiranger onsdag

Cruiseliste for sommaren

Grunna koronakrisa er det aller meste av cruiseskip til Geiranger og Hellesylt kansellert. Frå midten av juni blir det likevel anløp.

SeaDream 2 er klar til å frakte norske turistar på cruise. Ein av destinasjonane er Geiranger.  Foto: SeaDream Yacht Club

Nyhende

Det er det norskeigde cruiseselskapet SeaDream Yacht Club som med sine to skip, SeaDream 1 og SeaDream 2 kjem til Geiranger 21 gongar i løpet av sommaren. Om bord er det plass til 112 personar og 95 mannskap.