Aktivitetsdag på Flofjellet

4Hklubb får støtte

Kvart år delar Statsskog ut ein million kroner til lag og organisasjonar
Nyhende

Statsskogmillionen blir fordelt på om lag 150 aktivitetar over heile landet kvart år. Stønadssummen er på anten 5.000 eller 10.000 kroner.

Aktivitetsdag på Flofjellet

4Hklubben Fjellrosa i Sunnylven ønsker å gjennomføre ein aktivitetsdag på Flofjellet som skal vere open for alle. Det skal padlast, fiskast og badast.

Stønaden på 5.000 kroner går til gjennomføring av kajakkurs på aktivitetsdagen.

Klubbrådgjevar Silje Stadheim seier at aktivitetsdagen ser ut til å bli ein gang i haust grunna korona.