Fleire kull enn bestandsmålet

Ekstraordinære uttak av jerv

Statens naturoppsyn avliva 28 vaksne jervar og 21 kvalpar. Dei ekstraordinære uttaka er gjort for å minske tap av husdyr og tamrein

Det er tatt ut tre ekstra kull i Møre og Romsdal i vår. Illustrasjonsfoto  Foto: Colorbox

Nyhende

I Møre og Romsdal vart det gjort 3 hiuttak i Sunndal og Surnadal. Når ein tek ut eit hi, blir hiet grave fram frå snøen og tispe og kvalpar blir avliva. I Møre og Romsdal vart totalt sju kvalpar avliva.

– Det er lagt ned ein betydeleg innsats i overvaking og uttak av jerv. Vi har prioritert å ta ut dyr som holder til i beiteprioriterte område der jerv har gjort skade tidlegare eller skadepotensialet er stort, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Statens naturoppsyn har tatt ut ni hi over heile landet. Dei skulle i tillegg ha tatt ut enda fem hi. Grunna dårleg vêr og rasfare har dei ikkje lykkast med dette.

Over bestandsmålet

Nasjonalt bestandsmål som er fastsett av Stortinget seier at det er rom for 39 ynglingar av jerv kvart år. Med dei ekstraordinære uttaka gjort i vår er talet redusert frå 57 til 43 kull som framleis er i live.

Dei ekstraordinære uttaka av jerv har gått føre seg samstundes som den ordinære lisensfellinga som går føre seg på vinteren fram til 15. februar.

Endelege og dokumenterte tal på nye valpekull blir offentleggjort av Rovdata 1. oktober.