Lierne hentar heim lefseproduksjonen

Nyhende

Fem år etter at produksjonen av Li-Klenning og Vestlandslefsa vart flytta frå Lierne til Stranda på Sunnmøre, startar produksjonane opp igjen i lefsebygda.

– Saman med dei andre produkta våre, vil det vidareutvikle produksjonen ved fabrikken i Sørli når Li-Klenning og Vestlandslefsa kjem heim, seier styreleiar Lars Mølbach i Baxt Lierne AS og konsernsjef i Baxt til Adresseavisen.

Baxt tok over etter Lierne Bakeri og Drømmebakeriet i 2017, og bakeriet sysselset om lag 50 tilsette i Sørli.

– Då vi kjøpte konkursbuet etter Drømmebakeriet, overtok vi lokale og produksjonsutstyr. Vi har flytta all lefsebaking frå dei andre anlegga våre til Lierne. Produksjonen av lefser og klenning blir styrkt når vi overtek frå Orkla, seier Mølbach.

85 personar mista jobben då Orkla la ned produksjonen i 2014. Mølbach kan ikkje seie kva heimkjøpet betyr for talet på arbeidsplassar ved lefsebakeriet.

Orkla har hatt ei omsetning på 20 millionar kroner årleg frå Li-Klenning og Vestlandslefsa, og Baxt forventar det same.