Kommunen vil gi gebyr på fjellet

Hevsdalen. Arkivfoto  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Stranda kommune har skrive brev til to utbyggarar på Strandafjellet, med førehandsvarsel om ilegging av gebyr. Varsla gjeld bygging av hytter og bygging av veg.

Kommunen meiner at utbyggarane har byrja bygge utan løyve.

- Igangsetjing av byggjearbeid på dette tidspunkt er i strid med plan- og bygningslova. Stranda kommune kan etter lova ileggje gebyr for lovbrotet, skriv kommunen.

Det har vore synfaring på den eine staden, som syner utføring av grunnarbeid, støttemur og grunnmur. Det var ikkje på dette tidspunktet gitt løyve til bygging.

Kommunen har motteke søknad om tiltaket, og søknad om dispensasjon frå reguleringsplanen.

- Kommunen har informert utbyggjar om at søknaden er mangelfull, og etterspurt dokumentasjon, skriv kommunen. Dokumentasjon og søknad om dispensasjon vart motteke av kommunen, skriv kommunen i brevet. Det vart fatta vedtak om å gi dispensasjon dagen etter synfaringa, og vedtak om løyve til tiltaket vart gitt nesten ein måned etter at synfaringa synte at bygginga hadde starta utan løyve.

- Stranda kommune si vurdering er at lovbrota i dette tilfellet er forsetteleg eller aktlaust, då dei aktuelle foretaka skal vere godt kjend med at tiltak krev løyve frå kommuen før byggjearbeid kan setjast i gang.

Kommunen ber om uttale før eventuelt vedtak om gebyr blir fatta, med frist 1. juli.