Hjortevalda har fått tildelt fellingsløyver

- Må ta ut produksjonsdyra

Stranda kommune er heilt i noregstoppen når det gjeld tettleik av hjort. Dei nye bestandsplanane tek tak i problemstillinga

Det er fokus på å ta ut kolle og kalv i årets jakt for å redusere bestanden. Arkivfoto.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Fjorårets jakt resulterte i uttak av om lag halvparten av tildelt kvote. Av 908 dyr var det til slutt 463 som vart skotne. Av dei var det ei lita overvekt av hodyr på 247 hodyr mot 216 hanndyr.