Ny jordbærsort har fått namn

Du kan kjøpe Lykke til neste år

Munnhelllet "Lykke kan ein ikkje kjøpe for pengar" må nok endrast frå jordbærsesongen 2021.  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

For mange er det toppen av lykke å kose seg med ferske jordbær, sukker og fløyte om sommaren. No kjem ein ny sort jordbær, som attpåtil har fått namnet Lykke.

Neste år kjem ein ny norsk sort jordbær på marknaden – ein sort det har teke 13 år å dyrke fram. Etter ein namnekonkurranse der over 6.000 namneforslag – 2.763 med ulike namn – kom inn, har den nye sorten fått namnet Lykke.

Det var Matmerk, Graminor og Opplysningskontoret for frukt og grønt som kunngjorde konkurransen, og no er altså vinnarnamnet kåra av ein jury der mellom anna landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) var med.

– Med tanke på så mykje glede som eit nytt bær kan gi, må vi rett og slett kalle det for Lykke, seier Bollestad.

Det var 91 personar som hadde foreslått akkurat dette namnet – og dermed vart vinnaren kåra med loddtrekning.

Den lykkelege vinnaren, om vi kan seie det slik, vart jordbærelskar Elin Børter-Eriksson, som grunngav forslaget sitt med at jordbær rett og slett gir ei lykkekjensle.