Hugleik for laminert bøk

Jubileumsutstilling

Ingmar Anton Relling var fødd 8. april 1920. Sykkylven Møbelmuseum 100-årsjubileet med ei utstilling av Relling sine viktigaste arbeid

Ingmar Anton Relling sin Cox frå 1974  Foto: Møbelmuseet, Musea på Sunnmøre

Nyhende

Utstillinga blir å finne på Berlihuset og i Berliparken i Sykkylven frå fredag. Dottera Hanna Relling Berg vil vere til stades og fortelje om faren og designvirket hans, melder Sykkylven Møbelmuseum i ei pressemelding.

Relling starta å teikne møblar på 1950-talet for fleire av møbelbedriftene på Sunnmøre. Hovudarbeidet hans, Siesta-stolen, kom til i 1966. Stolen er i likskap med fleire av hans stolar frå 60-talet i hud og laminert bøk.

Ti år seinare teikna han, og gav form til stolen Orbit hjå Vestlandske Møbelfabrikk. Det som var spesielt med denne stolen, som også var i laminert bøk, var at den kunne byggast om til ein sofa.

Relling har hatt utstillingar både i Oslo, Zürich, og København.