Moderat skogbrannfare

Vis aktsemd jonsokaften

Tysdag i neste veke feirast jonsokaften. Etter lengre periode med fint vêr er det no moderat skogbrannfare

Brannsjef i STranda Kkommune, Inge Teigen, oppmodar alle om å vise aktsemd og å gjere avtale dersom ein har planer om å brenne jonsokbål. Arkivfoto  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Vi er inne i perioden der det ikkje er lov å brenne bål i nærleiken av skog og annan utmark, det gjeld fram til 15. september.

Jonsokbål

Tysdag er det jonsokaftan og tradisjonen med å brenne jonsokbål står sterkt rundt i landet.

Brannsjef i Stranda kommune, Inge Teigen ber folk vise aktsemd under jonsokfeiringa med etterfølgande bålbrenning.

– Har du planar om å brenne jonsokbål er det difor viktig å melde frå om det slik at ein kan gjere ein avtale, seier han.

Bålpanner og grill er lovleg, men han seier det kan vere lurt å utsette bålbrenninga til seinare.

Tilgang til sløkkemiddel

Den som fyrer opp bålet er også ansvarleg for bålet, og bål som brenn skal ikkje forlatast før det er heilt sløkt. Det er også viktig å ta omsyn til vindforhold i tillegg til å ha lett tilgang til sløkkemiddel.

Sjølv om det kan sjå trygt ut å brenne bål, kan det vere nok med ei glo som blir tatt av vinden slik at ting kan utarte seg.

Skulle bålet kome ut av kontroll må ein varsle brannvernet på 110.

Smittevernreglar for korona gjeld også under jonsokfeiringa.

På kommunen sine nettsider ønsker brannsjefen til slutt alle ei god og trygg feiring.