Skadeverk på Ljøbrekka

Knust informasjonstavle

Ljøbrekkas vener nærmar seg å vere ferdig med restaureringa av postvegen. No har dei opplevd skadeverk på informasjonstavler.

Ei av informasjonstavlene langs turstien over Ljøbrekka er øydelagd.  Foto: Petter Hjørungdal

Nyhende

Sommaren i fjor fekk Ljøbrekkas vener sett opp fleire informasjonstavler langs Ljøbrekka både på Ljøsida og på Herdalsida. På Herdalen står det ei slik tavle heilt i starten av løypa med informasjon om turen til Ljøbrekka. Der står ei tavle ved Brekkevatnet og ei tredje tavle ved tunnelinnslaget før sjølve oppstigninga mot Ljøbrekka.