Ringstadsætra hyttegrend er eigengodkjend

Kommunestyret i Stranda: Kommunestyret godkjende i går rekneskapen for 2018, og med det er Stranda kommune ute av Robek etter å ha dekt inn opparbeidd underskot på drift på til saman 50,8 millionar kroner. Administrasjonen åtvarer om trongare tider framover, og at lånegjelda er høg. arkiv  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Kommunestyret eigengodkjende onsdag ettermiddag reguleringsplanen for Ringstad hyttegrend, med Økslevegen som tilkomstveg.

Det var 24 voterande i saka. Arild Ringdal gjekk frå i saka.

Eigengodkjenninga vart gjort samrøystes.

Eigengodkjenninga inkluderer bruk av Økslevegen som tilkomstveg, noko veglaget og hytteeigarar i området har protestert mot - seinast i ein epost sendt til samtlege kommunestyrerepresentantar tysdag.


Roper varsku om aukt bruk av Økslevegen

- Dette er ikkje trygt