Nye reiseråd gjev reiselivet nytt håp

MINNEVERDIG SOMMAR: Dette bør ikkje bli sommaren der folk brukar alle feriepengane på å kjøpa ny båt, pussa opp eller andre materielle ting. Me oppmodar folk til å koma seg ut å oppleva og gjera sommaren 2020 til ein minneverdig sommar, seier administerande direktør Stein Ove Rolland i Fjord Norge. (Foto: Privat)  Foto: Privat

Nyhende

Reiselivsnæringa på Vestlandet augnar nytt håp etter at regjeringa torsdag varsla at dei vil opna grensene til Noreg for reisande frå Europa frå 15. juli.

Regjeringa varsla samtidig at dei vil følgja smittesituasjonen nøye og vurdera kva land som får grønt lys. Innan 10. juli skal det lagast ei liste over kva land dette omfattar. Lista skal oppdaterast kvar fjortande dag.

– Sånn som det ser ut akkurat no, ville til dømes Tyskland vore grønt, sa helseminister Bent Høie på pressekonferansen torsdag.

Det er godt nytt for reiselivsnæringa på Vestlandet.

– Å opna grensene for Tyskland representerer ein større krisepakke enn alle andre for vestnorsk reiselivsnæring, utan kostnader for styresmaktene, seier reiselivsdirektør i Bergen, Andres Nyland, til E24.

Også administrerande direktør Stein Ove Rolland i Fjord Norge er svært glad for signala frå regjeringa.

– Dette er eit viktig tiltak for å avgrensa skadane no i sommar, seier han til Nynorsk pressekontor.

– For vår del er dette eit håp om at sommaren ikkje er heilt katastrofe, fordi me trur me kan få inn tyskarar frå andre halvdel av juli og august og utover hausten, utdjupar han.

Etter at Tyskland torsdag blei nemnt som døme på eit grønlista land, er Fjord Noreg allereie i gang med å visa at fjordane på Vestlandet er opne for tyske reisande frå 15. juli.

Også hotelldirektør Benthe Langeland ved Storfjord Hotel i fjordbygda Glomset sør for Ålesund er glad for at det no går mot opnar grenser for utanlandske turistar.

– Dette er veldig positivt. Det betyr mykje for heile reiselivet, og spesielt for oss som har spesialisert oss på den utanlandske marknaden, seier ho til NETT.NO.