Lesarinnlegg frå Stranda pensjonistlag

Etterlysing: Kommunal ergoterapeut

Nyhende

I samband med siste kommuneval arrangerte Stranda pensjonistlag medlemsmøte 20.06.19 på kulturhuset.

Alle partia stilte med sine listetoppar: Sp v/ Jan Ove Tryggestad, Ap v/Knut Dag Langeland, Frp v/ Frank Sve, H v/Svein Erik Rimstad og Krf v/ Svein Lunde.

Etter at dei hadde fått presentert partia sin politikk vart det høve til å kome med kommentarar/ spørsmål. Harald Sørheim ville gjerne vite korleis den enkelte stilte seg til å opprette ny stilling som ergoterapeut.

Alle listetoppane utan unntak svarte eit klart og tydeleg ja til å legge midlar inn i 2020-budsjettet til dette.

Etter det vi veit er kommunane lovpålagde å ha ergoterapeut frå og med 2020 til liks med psykolog og off. tannhelseteneste.

Ergoterapeuten har m.a. til oppgåve å vere tilretteleggar for funksjonshemma i alle aldrar. Ho/han skal greie ut tiltak som gjev vanskelegsstilte hjelp til å klare seg betre med dei daglege utfordringar. I arbeidet for at dei eldre skal klare seg lengst mogeleg i eigen bustad, er slik kompetanse heilt avgjerande.

Vi i pensjonistlaget er sjølvsagt opptekne av at vi får tilsett ergoterapeut i kommunen snarast råd.

Men vi har ikkje sett at slik stilling er utlyst.

Derfor spør vi: Kva har de som sat i panelet gjort for å halde lovnaden de gav pensjonistane på dette møtet?

Naturleg nok vil mange av oss få bruk for ergoterapeuten i løpet av livet.

Saka opptek oss derfor sterkt!