Nordmenn bruker meir tid på hytta

Sjekk branntryggleiken

Når utanlandsferien blir erstatta med hytteferie må branntryggleik få ein ekstra sjekk

Hugs å ha tilgang til sløkkeutstyr. Arkivfoto 

Nyhende

Undersøkingar syner at hyttene kjem til å bli meir i bruk enn elles. Same undersøkingar syner også at hyttefolket slurvar med branntryggleiken.

-Vi har ikkje eksakte tal for hytter i vårt område, men vi veit frå andre stadar i landet at det er nær 40 prosent av alle hyttene som ikkje har fungerande røykvarslar. Det er også over 50 prosent som ikkje har sløkkeutstyret i orden. Vi håpar at hyttefolket i vårt område tek dette på alvor, og sørger for at det ikkje er slik her hos oss, skriv Lillian Aasheim frå det lokale brannvernet på Stranda kommune sine nettsider.

GPSkoordinatar

Brannvernet oppmodar alle hytteeigarar til å gå gjennom sjekklista for branntryggleik på hytta. Dei anbefaler også at ein naudplakat med hytta sin GPS-posisjon heng på ein plass den er enkel å sjå. På den måten blir det enklare å fortelje naudetatane korrekt posisjon slik at dei finn fram til deg. Ein slik naudplakat kan du anten ordne på Norsk Luftambulanse eller Norsk kartverk sine nettsider.

Nasjonal hyttekampanje

Ei landsdekkande kampanje i regi av Norsk brannvernforening og Tryg Forsikring har branntryggleik på hytta som tema. Den digitale kampanjen har fokus på at hytter har fungerande brannvarslarar.

Her er punkta du bør sjekke på hytta:

– Sjekk røykvarslarane kvar gong hytta takast i bruk.

– Ha alltid ekstra batteri i reserve

– Gå aldri frå levande lys

– Ikkje bruk peis/omn som tørkestativ

– Deponer og kast oske frå vedomn/peis på ein forsvarleg måte

– Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk

– Vær ekstra varsam ved bruk av gass

– Sjekk utstyr og slangar jamleg

– Sørg for rikeleg tilgang til sløkkeutstyr

– Bruk godkjente fagfolk til utbetringar som krev dette