Elevar i vidaregåande skular lærer best på skulen

Mindre motivert på digital plattform

Elevane opplevde fallande motivasjon og sakna klassekameratane

Elevar i den vidaregåande skulen seier dei lærer bedre på skulen enn i heimeskule. Elevane sakna også skulekameratane i tida dei var heime. Arkivfoto 

Nyhende

Undersøkinga har fylkeskommunen gjort blant 4.000 elevar i den vidaregåande skulen. Seks av ti seier at det mest positive med heimeskulen var at dei sjølve kunne styre dagen. Det å bruke mindre tid på reising til og frå skulen meiner meir enn 2.400 elevar har vore godt.

Styrte dagen sjølve

Det å styre dagen sjølv i heimeskulen har ikkje berre vore enkelt. Over halvparten av elevane seier at dei opplevde fallande motivasjon i perioden dei var heime. Stort arbeidspress, mange innleveringar og vanskar med å få oversikt over skulearbeidet på eigen hand har vore utfordrande for dei.

– Dette har vore eit svært spesielt skoleår, der omstillingsevne, læringsvilje og kreativitet verkeleg har blitt testa, seier kst. fylkesutdanningssjef Kariann Dimmen Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Ny start til hausten

Dei svara fylkeskommunen har fått i undersøkinga skal dei nytte når skulane planlegg for hausten.

– Vi ser fram til at epidemien kjem under kontroll og at skulekvardagen blir normal igjen. Men no vil vi ønskje alle elevar og tilsette i skulane våre ein god ferie og velkommen tilbake til skulen i august, seier Flovikholm.