Områderegulering godgjent

- Ein lukkeleg dag for Geiranger

Departementet har godkjent områdereguleringsplanen for Geiranger. Det tyder at turistbygda får grønt lys til å utvikle seg.

Kommuneleiinga i stranda har lagt ned mykje arbeid for å få til ei områdereguleringsplan for Geirantger. Endeleg har det lukkast. Frå venstre, rådmann Åse Elin Hole, plan - og utviklingssjef Einar Lied, ordførar Jan Ove Tryggestad.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

– Dette er ein stor dag for Stranda og for Geiranger. I praksis har det vore full stopp for næringsutvikling i Geiranger. No kan næringslivet og husbyggjarar setje i gang med sine planar. Samstundes har vi fått på plass strandpromenaden frå Geiranger sentrum til Grande, seier ordførar Jan Ove Tryggestad til Sunnmøringen.