«popmusikk» frå attenhundretalet

Kyrkjekonsert anno 1859

Korleis var «popmusikken» i tida då Sunnylven kyrkje vart bygd?

Sunnylven kyrkje var ferdigbygd i 1859, derav namnet Konsert Anno 1859. Musikken er hente frå den tidsepoken.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Kyrkja stod ferdig i 1859 og dei tre musikarane Evgenii Zhukov på fløyte, Stephanie Roux på piano og Carolin Eide på orgel har i samarbeid med Gunnar Inge Eide sett saman ei musikalsk reise tilbake til det året.

– Vi syntest det var kjekt og litt artig å ta utgangspunkt i eit årstal og finne musikk frå den tida, fortel Gunnar Inge Eide.

Mendelssohn

Neste torsdag opptrer musikarane i Sunnylven kyrkje og skal vise fram det Zhukov kallar dåtidas popmusikk. I ulike samansetningar mellom dei tre skal dei spele tonar frå mellom andre Felix Mendelssohn og Frédéric Chopin.

Norsk

I konserten blir det også norske innslag i form av folkedansar og folkemusikk som Edvard Grieg har samla inn og seinare laga sine eigne arrangement av.

Neste laurdag blir dei tre musikarane å oppleve i Geiranger kyrkje med ein liknande konsert. Geiranger kyrkje er 17 år eldre og stod ferdig i 1842.