Samlar inn pengar til barnekreftforeningen

På hjul frå Ålesund til Bergen

Team Rynkeby – God Morgon samlar inn pengar til barnekreftforeningen. No er dei ute på takketur

Mosjonssyklistane og hjelpeteam i Team Rynkeby - God Morgon, Bergen, tok ei pause på Ljøen for å nyte utsikten.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Laurdag, i strålande sol gjekk fyrste etappe frå Ålesund til Geiranger. På barneavdelinga på Ålesund sjukehus delte dei ut gåver til barna.

Enkle å kjenne igjen. Syklistane i Team Rynkeby med sine gule syklar og drakter.  Foto: Eivbimd Louis Helset

Team Rynkeby – God Morgon starta hos Rynkeby Foods AS i 2002, då nokre mosjonssyklistar bestemte seg for å sykle til Paris for å sjå avslutninga av Tour de France. Sidan då har teamet auka til over 2.000 mosjonssyklistar og over 500 hjelparar. Frå Danmark har teamet vokst til Sverige, Norge, Island, Færøyane, Finland, Tyskland og Sveits. Tilsaman finst der 57 lokallag og eit av dei er i Bergen.

Samlar inn sponsormidlar

For å kunne delta som teamryttar må ein søke om å få delta. Deltakarane må forberede seg til avslutninga av året som er å sykle Oslo til Paris. Alle kostnader må syklist eller hjelperytter stå for sjølve.

Blir du vald ut som syklist for Team Rynkeby forpliktar ein seg til å gjere ein innsats for å samle inn pengar til barn med kritiske sjukdommar. I 2019 donerte Team Rynkeby - God Morgon 106,7 millionar kroner der 12,7 millionar kroner gjekk til Barnekreftforeningen i Noreg.

Alternativt ritt

Ei av dei 15 syklistane på lokallaget frå Bergen er Bente Knivsflå frå Geiranger, men busatt i Ålesund. «Desserten» som dei kallar det, å sykle frå Oslo til Paris, gjekk ut i år på grunn av korona. Difor måtte dei tenke annleis. Laurdag starta ho og resten av teamet, dei fleste frå Bergensområdet, den alternative ruta frå Ålesund til Bergen.

I løpet av etappane Ålesund – Geiranger, til Loen, til Førde, til Sløvåg og til Bergen på onsdag er dei innom og takkar sponsorane. I Bergen blir det fleire arrangement mellom anna ei etappe opp til Fløien.

På Hellesylt var det servert lokal grillmat frå Ole Ringdal AS.  Foto: Eivind Louis Helset

Grillmat

På Hellesylt fekk syklistane servert grillmat sponsa av Ole Ringdal AS. Dei fekk også møtt og takka dei lokale sponsorane Norsk Sjømat AS og Kjølås Stansekniver AS. Platina Seafood AS var ikkje til stades.

Frå venstre: Frode Kjølås, Ole Arnestein RIngdal, Bente Knivsflå og Per Magne Grøndahl  Foto: Eivind Louis Helset

Både Per Magne Grøndahl og Frode Kjølås seier at det ikkje var vanskeleg å seie ja til å støtte eit slikt formål når dei fekk spørsmål om å støtte.

Turen gjekk vidare med ferja til Geiranger der mosjonistane skulle overnatte før søndagens etappe over til Loen.