Onsdag opnar grensene for utanlandske turistar

På plass i Geiranger

For berre ein månad sidan låg så nær som alle skipa til Hurtigruten i opplag. Innan utgangen av september ser dei for seg at nesten alle skip seglar igjen.

Fridjof Nansen mellom Friaren og Skageflå.  Foto: Harry Nicolaisen/Hurtigruten

Nyhende

I dag måndag, segla Hurtigruten sitt ekspedisjonsskip inn Geirangerfjorden. Skipet starta fredag før helga i Hamburg og har vore innom Lysefjorden og Fjærland før Geiranger. På det fjorten dagar lange cruiset får dei tyske turistane sjå Noreg frå skipet, fram til onsdag utan å gå i land. I løpet av sommaren er det planlagt seks slike ekspedisjonar frå Hamburg.