Musikk og historie

Konsert anno 1838

Stranda kyrkje stod ferdig i 1838. Men kva skjedde eigentleg den tida.

Stranda kyrkje stod ferdig i 1838. Laurdag kan du vere med på ei tidsreise tilbake til det året.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Gjennom konserten med tittelen Anno 1838 får publikum på Stranda møte både musikk og historie frå det årstalet Stranda kyrkje stod ferdig bygd.

Ole Bull var dåtidas stjerne og reiste verda rundt og framførte musikken sin. Store musikarar som Felix Mendelssohn og Frédéric Chopin fylde dei store konsertsalane. Myllarguten gjorde snart suksess med hardingfela i Christiania.

Musikk og historie

På laurdag har publikum moglegheit til å bli med attende til den tida. Sofie Berge Sæbø på fløyte, Carolin Eide på orgel og Inga Lill Nydal syng. Saman står dei for den musikalske reisa i konserten.

Kva skjedde med kyrkja og bygda på den tida. Det kjem Ivar Berge til å fortelje om.

Denne konserten er ein i ei rekkje der konserten tek utgangspunkt i årstalet kyrkjene i Stranda kommune stod ferdige.