Kraftig nedgang i fisketurisme hittil i år

Osen, Stranda tettstad. Arkivfoto  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Fritidsfiskarar fanga 2,6 millionar fisk i Noreg i fjor. Hittil i år er det rapportert inn fangst på 16.000 fisk.

Sidan 2018 har turistfiskebedrifter måtta rapportere inn både turar og fangst til Fiskeridirektoratet. I 2019 vart det registrert 111.740 turar og fangst på i overkant av 2,4 millionar fisk. Til no i 2020 er det rapportert om 706 turar og fangst på 16.000 fisk.

I saka, som først vart omtalt av Kyst og Fjord, blir det presisert at forseinka innrapportering frå turistfiskebedriftene kan gi misvisande tal.

Dagleg leiar Bjørn Tore Zahl i Saltstraumen bryggje, som driv med turistfiske, seier til NRK at han ikkje er overraska over tala.

– Vi merkar nedgangen godt. Vi har nesten 100 prosent nedgang på utanlandske turistar, seier han.