Snøen som kom i vår øydelegg for frukta som kjem i haust

Nyhende

Det blir vesentleg mindre frukt til hausten, seier leiar i Valldal Grønt. Snøen som kom i mai øydela for frukta.

– Vi ser at det kjem til å bli vesentleg mindre plommer enn det vi hadde i fjor, seier dagleg leiar i Valldal Grønt, Harald Valle, til NRK Møre og Romsdal.

Han er også redd det vil bli mindre eple og morellar.

Kulde og snø sette ein stoppar for blomstringa og biene sin jobb på fruktblomane i mai, då det plutseleg snødde.

– Dette er det mest ekstreme eg har vore borti. Det er både langvarig og sterk kulde, så eg trur mange er svært bekymra, sa Toralv Klokkehaug, landbrukssjef i Fjord kommune, til NRK Møre og Romsdal i mai.