God konkurranse om skredsikringstunnel

Tunnelpåbygg og riggområde på Indreeide.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyhende

Sju entreprenørar har lagt inn tilbod om å bygge skredsikringstunnel på fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger til Møre og Romsdal fylkeskommune. Vegen er einaste tilkomstveg for Geiranger om vinteren.

Kontrakten er ei totalentreprise med prosjektering og bygging. Prosjektet vil sikre 13 skredpunkt, trygge trafikken og bidra til færre stengingar av vegen.

Fylkeskommunen vil tildele kontrakten i byrjinga av september månad til entreprenøren med det beste tilbodet. Tunnelen skal etter planen opne for trafikk hausten 2023 og byggestart er planlagt denne hausten.