Stor trafikk på sambandet Stranda-Liabygda

Sett opp ekstraturar

Det har vore stor trafikk på Stranda ferjekai.  Foto: Solveig Årdal

Nyhende

Fjord1 melder fredag ettermiddag at det vil bli sett opp ekstraturar på sambandet Stranda-Liabygda med avgang frå Stranda kl. 12:45 og avgang frå Liabygda klokka 13:00. Dette gjeld i tidsperioden 17. juli til 17. august og kjem som følge av stor trafikk på sambandet.

Det har vore lange køar på ferjekaiene siste dagane. Torsdag ettermiddag kunne vi melde om at køen på Stranda ferjekai ein periode strakk seg opp til Uteguiden sin kafé Hygge.