Kvinne funne død i Ålesund fredag kveld

  Foto: Politiet

Nyhende

Politiet melde fredag kveld den 24. juli at dei starta etterforsking i samband med at det var funne ei død kvinne inne på eit hotell i Ålesund sentrum. Vedkomande blei funne i botna av ei trapp. Politiet gjennomførte dei første taktiske og tekniske undersøkingane fredagsnatta og laurdag 25. juli. Det er etter at desse no er utført at politiet går ut med denne førebelse oppdateringa på status i saka.

– Vi har inga indikasjonar på at dødsfallet skuldast ei kriminell handling der saka står no, seier politiadvokat Mathias Häber i ei pressemelding.

Politiet vil setje i verk ytterlegare undersøkingar basert på omstendene.

- Vi har framleis gjeremål igjen, både teknisk og taktisk etterforsking, seier Häber.