Mindre brann på Svemorka

Stranda Brannvesen utanfor Orkla fabrikken.  Foto: Solveig Årdal

Nyhende

Torsdag formiddag klokka 13:36 meldte Møre og Romsdal 110 på twitter om brann i skap hos ein bedrift på Svemorka.

Brannen viste seg å kome frå ei kjølevifte i eit kabinett og skapte røyk i lokalet på Orkla fabrikken.

- Det var snakk om å lufte litt, så var vi tilbake til normal drift. Det var inga personskader, fortel fabrikksjef Hans Jostein Langelo.