Sommaren 2020

Flest turistbetalingar i Stranda kommune

  Foto: Arkivfoto: Staale Wattø

Nyhende

I ti norske kommunar har folk frå andre fylke stått for ni av ti kredittkortbetalingar i sommar, viser tal frå DNB.

Stranda kommune i Møre og Romsdal har flest turistbetalingar, med heile 95 prosent av all kortbruken. Kommunane Lom, Aurland, Vang og Alvdal har også over 90 prosent turistbetalingar, skriv Dagens Næringsliv.

– Det vi har sett er at turistnæringa har gjort det veldig bra gjennom fellesferien pluss to veker før og etter, seier Ine Oftedahl, direktør for datatransformasjon i DNB til avisa.

Svein Ove Rolland i Fjord Norge er bekymra for utviklinga utover hausten.

– Juli blei litt som ein god gammaldags laurdagshandel, og no kjem måndagen. Når vi kjem ut til midten av august, er dei fleste nordmenn ferdige med ferien, og då spøker det for oss, seier Rolland.

Sjølv om tala over kortbruken viser at Stranda har hatt flest turistbetalingar, seier hamnesjefen i Stranda at sesongen totalt sett har vore dårlegare enn normalt.

– Det har vore ein svært god juli månad med tanke på landbasert trafikk. Men totalt sett for heile året vil eg tippe prognosane vil vere på omtrent femti prosent av normal omsetning, seier hamnesjef Rita Maraak til Sunnmørsposten.