Studielån-saldo i ulike nettbankar

Illustrasjonsfoto  Foto: Tetiana Vitsenko/Colourbox

Nyhende


Sidan 2018 har Lånekassen saman med Sbanken, hatt eit pilotprosjekt der kundane har fått tilgang til saldoen på studielånet sitt i nettbanken. Snart får kundar i Sparebank 1 og DnB også tilbod om å sjå Lånekassen-saldoen i sin nett- og mobilbank.

– Lånekassen har nærmare éin million kundar som med denne tenesta kan få oppdatert saldo for studielånet sitt rett inn i den nettbanken dei brukar til dagleg, og dermed få betre oversikt over økonomien sin, seier administrerande direktør i Lånekassen Nina Schanke Funnemark.

I første omgang er det berre mogleg å sjå gjelda i nett- og mobilbanken. Sjølve administreringa av gjelda skjer framleis gjennom Lånekassens nettsider.

– Når saldo i nettbank no vert rulla ut til fleire bankar, vil det gi oss mange nyttige erfaringar med det å levere tenester gjennom andre. Etterspurnad og tilbakemelding frå kundane vil vere viktige innspel for vegen vidare, seier Schanke Funnemark.