Koronasituasjonen

Endrer besøksrutinane på institusjonar i Stranda

  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Kommunelege Arne Gotteberg skriv i ei pressemelding at besøksrutinene ved institusjonane i Stranda kommune blir endra. Dette gjeld primært omsorgsbustadene og omsorgssentra i dei fire bygdelaga.

- Etter ferien har ein registrert ei urovekkjande auke av koronasmitte både nasjonalt og internasjonalt. Noko av dette er importert smitte til Noreg, seier Gotteberg.

Det er fram til no ikkje registrert koronasmitte i nokon av bygdelaga, men kommunelegen er uroa over utviklinga.

- Pårørande som har vore utanfor Noreg og på besøk til institusjonane, må no vente ti dagar etter heimkomst før besøk kan gjennomførast, seier Gotteberg.

Vedtaket er gjort i samråd med Fylkesmannen og er drøfta i kriserådet i kommunen.