Internasjonal filmproduksjon til Hellesylt

Tom Cruise på Helsetkopen

Det blir action på Hellesylt når innspeling av scener til den sjuande «Mission Impossible»-filmen med Tom Cruise i hovudrolla set i gang.

Det blir hektisk aktivitet på Helsetkopen i Sunnylven i vekene framover. Scener frå den komande Mission Impossible filmen med Tom Cruise i hovudrolla skal spelast inn her.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Per Henry Borch, linjeprodusent i den norske avdelinga av True North kan ikkje bekrefte at det er nettopp denne filminnspelinga som kjem til Hellesylt. Berre at det blir filminnspeling.