Yrande liv på land og til vanns

Arrangerte open aktivitetsdag

Fjellrosa 4H arrangerte aktivitetsdag ved Nedstevatnet med såpebobler , slakk line og padling

Det var mange som testa ut kajakkpadling på Nedstevatnet under open aktivitetsdag.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Flofjellet er eit mykje brukt turalternativ både til fots og på sykkel. Søndag møtte 45 barn og vaksne til open aktivitetsdag arrangert av Fjellrosa 4H. Søndagen starta med lavt skydekke og fin temperatur, vêrmeldingane hinta om ein fin dag for å vere ute.

Aktivitetsdag

Ved starten av Nedstevatnet hadde medlemmar frå 4H-klubben laga leir og base for ulike aktivitetar. Dei frammøtte kunne teste balansen på slakk line, treffsikkerheita i hesteskokasting eller lungekapasitet i såpebobleblåsing.

For å blåse bobler måtte kvar enkelt også lage sitt eige blåseredskap av ståltråd og kvist. Litt tid tok det, men etterkvart vart det observert til dels store såpebobler.

Bading

Utover dagen var det var stor aktivitet både på land og til vanns. På vatnet var kajakkar mykje brukt både av barn og vaksne. I båt kunne ein kome seg rundt og få sett omgjevnadane på nært hald på ein annan måte enn når ein går. Etter kvart var det også mange som tok sjansen på ein dukkert i det friske fjellvatnet.

Inne på land hadde medlemmane i 4Hklubben fyrt i bålpanna. For den som ønskte det var det gratis pølse med brød. Den som ønska å grille måtte ein liten tur til skogs for å skaffe seg materiale til å spikke seg eit grillspyd.

Aktivitetsdagen var arrangert med økonomisk støtte frå Statskogmillionen og Sparebanken Møre.