Sjømat Norge vil at kommunane skal prioritere tilsette i sjømatindustrien

Illustrasjonsfoto  Foto: Griangraf/Colorbox

Nyhende

Sjømat Norge oppfordrar kommunane til å leggje til rette for koronatesting av tilsette i sjømatnæringa for å unngå at matproduksjonen stoppar opp.

– Sjømatnæringa har ei samfunnskritisk oppgåve. No er det viktig at kommunane legg til rette for koronatesting av tilsette i næringa for å unngå at matproduksjonen stoppar opp, seier Sjømat Norge.

Sjømat Norge peikar på at smittevern er ekstremt viktig for bedriftene i sjømatnæringa, skriv Kyst og Fjord.

Organisasjonen meiner konsekvensane vil vere dramatiske ved eventuelle utbrot, og føre til nedstenging av verksemder. Dei viser til at sjømatnæringa i desse dagar opplever at både utanlandske og norske tilsette kjem tilbake frå ferie og opphald i utlandet. Sjømat Norge rår no sine medlemmer til å halde ein tett dialog med kommunelegar og sikre at dei nasjonale retningslinjene heile tida blir følgde opp i bedriftene.