Skal øve på branntryggleik i tunnel

Brannøving i Streketunnelen

Måndag 24. august skal Møre og Romsdal fylkeskommune og naudetatane ha redningsøving i Streketunnelen på fv. 60.

Streketunnelen vil vere steingt mellom 19 og 20 komande måndag. Det vil bli observert røyk i tunnelen.  Foto: Arkiv

Nyhende

Øvinga går føre seg i tidsrommet 18 -21 og tunnelen blir heilt stengt mellom klokka 19 og 20. I tidsrommet 18–19 og 20–21 vil det vere kolonnekøyring gjennom tunnelen.

– Alle naudetatane er til stades under øvinga. Brannvesenet på Hellesylt og Stranda, ambulansar og politiet er med på øvinga. I tillegg er Stranda Røde Kors til stades både med markørar og observatørar, fortel brannvernsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Olav Amund Myklebust.

Sjølve øvinga går føre seg mellom klokka 19–20 når tunnelen er heilt stengt. Under opp- og nedrigging blir det kolonnekøyring forbi øvingsstaden.

Det er ikkje lokale omkøyringsmoglegheiter på staden.

Tunnelar som er lengre enn 500 meter har krav om ei eigen plan for beredskap i tunnelen. Det skal også vere jamlege øvingar med naudetatane. Det var ei mindre øving i Streketunnelen i fjor og ei liknande storøving i samband med at Ljøtunnelen vart opna.

- Det skjer færre ulykker i tunnelar enn på vegane, men ulykkene blir ofte meir alvorlege. Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane og difor veldig viktig å øve på, seier Myklebust.