Helsedirektoratet åtvarar om koronasvindel

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Helsedirektoratet åtvarar mot svindlarar som prøver å lure folk til å tru at dei kan ha koronasmitte og prøver å få dei til å betale for testmateriale.

– Nokon ringjer privatpersonar med beskjed om at dei kan vere smitta. Personane blir bedne om å oppgi kortinformasjon for å få tilsendt test-sett. Dette er svindel, skriv Helsedirektoratet på Twitter.

Vidare blir det understreka at testinga er gratis i Noreg, og at kommunehelsetenesta, som er ansvarlege for smittesporing, aldri vil be om å få kortinformasjon.